Førstekonsultasjon på inntil 30 minuttar er gratis for alle privatpersonar.
Timeprisen er frå kr 1.215,- til kr 2.500,- + mva.
(Kr 1.519 – 3.125 inkl. mva.)
Når det gjeld timeprisen vert det teke omsyn til saka sin vanskegrad, resultatet av arbeidet, klienten sin økonomi mv.
Oppdragsstadfesting:
Oppdragsstadfestinga skal gjevast når oppdraget startar, eller snarast mogeleg deretter.
Fri rettshjelp:
Det offentlege gjev fri rettshjelp i nokre sakstypar.
Får ein innvilga fri rettshjelp, så dekkar det offentlege advokatbistanden i saka. (Ein mindre eigenandel vil som regel måtte påreiknast).
Rettshjelpforsikring:
Privatpersonar har som regel forsikring på t.d. hus, leilegheit, hytte, innbu og bil. Forsikringane har ofte rettshjelpsforsikring.
Vi kontaktar forsikringsselskapet søkjer om rettshjelpsdekning dersom det er aktuelt.